Framsida Presse RSS Sidekart Nettmøte Nettmøte, bruk nettlesar
Gammal
Ny

iDrift inngår nok ein stor avtale

iDrift AS er ei av dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet, og har no inngått ein stor IT-avtale med landets største tilhengjarprodusent. Dette er den andre store avtalen iDrift inngår på ei veke.
 
 
 
 

Tysse Mekaniske Verksted på Osterøy har inngått ein omfattande samarbeidsavtale med iDrift. iDrift har utvikla eit heilt nytt produksjonsstyringssystem for bedrifta, og får no også totalansvaret for drift, support og vedlikehald av samtlege IKT-løysingar.

 
 
 
 
 
 
 
 

– Vi er stolte og audmjuke over at ei stor og leiande industribedrift som Tysse Mekaniske Verksted ønskjer å utvida samarbeidet med oss. Dette tek vi som ei stadfesting på at IT-løysingane vi tilbyr og kompetansen vår vert verdsett i marknaden, seier Knut Førland, dagleg leiar i iDrift. Førland legg til at avtalen er den største iDrift nokon gong har inngått, og at iDrift Os vil få det overordna ansvaret for denne kunden. Avtalen medfører at bemanninga på Os vil bli utvida.

 
 
 
 
 
 
 
 

– IT representerer ein svært viktig støttefunksjon i Tysse Mekaniske Verksted og vi har høge krav når det gjeld tilgjengelighet, fleksibilitet og support. Etter ei nøye vurdering av fleire leverandørar falt valet på iDrift på grunn av deira faglege tyngde, tilgjengelighet og forretningsmessige forståing for vår verksemd, seier Asle Nilssen, fabrikksjef i Tysse Mekaniske Verksted.

 
 
 
 
 
 
 
 

For meir informasjon kontakt:

iDrift AS: Dagleg leiar Knut Førland, mobil: 918 410 01.
Tysse Mekaniske Verksted AS: Fabrikksjef Asle Nilssen, telefon: 56 19 32 07 / 918 068 40.

 
 
 
 
 
 
 
 

Om iDrift
iDrift vart etablert i 2001 og har hovudkontor på Husnes i Kvinnherad. Selskapet har 20 tilsette og avdelingskontor i Haugesund, på Os og Stord. Bedrifta er kåra til Gaselle-bedrift og er blant dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet. iDrift AS er den dominerande aktøren innanfor IT-tenester for små og mellomstore bedrifter mellom Haugesund og Bergen.

 
 
 
 
 
 
 
 

Om Tysse Mekaniske Verksted
Tysse Mekaniske Verksted vart etablert i 1964 og held til i Tysse på Osterøy. Bedrifta er landets største produsent av tilhengjarar av ulike slag, og har dei siste åra satsa betydeleg på å automatisera produksjonen. Deler av produksjonen er som følgje av dette i dag robotisert. Tysse Mekaniske Verksted har ca. 70 tilsette og hadde i 2006 ei omsetning på 134 millionar kroner.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
06.01.2012
Ny Salgs- og Markedssjef
iDrift styrker organisasjonen med en ny salgs- og markedssjef.
05.09.2011
iDrift AS avd Os flytter i nye lokaler

iDrift AS på Os har flytta inn i nye lokaler. Kontorbygget ligg i  Kolskogen Industriområde på Os.  Vår nye besøksadresse er:


Kolskogheiane 12, 5200 Os

Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
nettmote
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14