iDrift AS er ei av dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet, og får no ei av dei leiande avfalls- og attvinningsverksemdene i regionen som kunde.
SIM Næring med dotterselskap har inngått ein omfattande samarbeidsavtale med iDrift. Avtalen inneber ansvaret for drift, support og vedlikehald av selskapet sine IT-system.
– Vi er stolte over denne avtalen, og svært glade over å få ein stor regional aktør som SIM Næring inn på kundelista. For oss er dette ein strategisk viktig avtale som vil styrkja vår posisjon som den leiande IT-aktøren i regionen, seier Knut Førland, dagleg leiar i iDrift.
– SIM Næring og våre dotterselskap er i stadig endring og utvikling, seier Jan Olaf Bommen, dagleg leiar i SIM Næring. Det å ha rett IT-verktøy og rett partnar på IT-sida er særs viktig. Med iDrift føler vi at vi har funne denne partnaren, og i utveljinga har vi vektlagt kompetanse, tilgjengelighet og lokal forankring.
For meir informasjon kontakt:
iDrift AS: Dagleg leiar Knut Førland, mobil: 918 410 01 SIM Næring AS: Dagleg leiar Jan Olaf Bommen, telefon 53 45 66 10 eller mobil 901 43 160
Om iDrift
iDrift vart etablert i 2001 og har hovudkontor på Husnes i Kvinnherad. Selskapet har 20 tilsette og avdelingskontor i Haugesund, på Os og Stord. Bedrifta er kåra til Gaselle-bedrift og er blant dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet. iDrift AS er den dominerande aktøren innanfor IT-tenester for små og mellomstore bedrifter mellom Haugesund og Bergen.
SIM Næring
SIM Næring handterar næringsavfall i Sunnhordland og på Haugalandet. Saman med dotterbedriftene SIM Transport og SIM Tankrenovasjon vert ca. 80.000 tonn avfall handtert årleg. SIM Næring med dotterbedrifter omset for ca. 110 mill. kr og har omkring 70 tilsette.