Framsida Presse RSS Sidekart

iDrift styrkjer laget på Stord

Klikk på bilete for full storleik
 

(Husnes, 30. september 2009) iDrift AS er ei av dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet, ogstyrkjar no organisasjonen med ein avdelingsleiar på Stord.

 

Mats Tonning (33) er tilsett som avdelingsleiar for iDrift Stord, og får også det overordna ansvaret for sal mot bedriftsmarknaden på Stord og nabokommunane Bømlo og Fitjar. Han tiltrer stillinga 1. november. Mats Tonning har EDB-utdanning frå Næringsakademiet i Bergen,og kjem frå stillinga som Senior IT-konsulent i IT Consult AS i Porsgrunn (www.itcons.no). Her har han vore tilsett i 7 år, og har mellom anna utført fleire store konsulentoppdrag for Sevan Marine og Norsk Hydro (både landbasert og offshore). I 2004/2005 hadde han permisjon for å jobba som bilseljar/salssjef i Møller Bergen. Tonning har også 4 års erfaring som IT-konsulent i Nordea Bank og Nordea Liv.

 

Mats Tonning har kone frå Stord, og familien flyttar frå Skien til Stord i løpet av komande vår/sommar. For friidrettsinteresserte kan opplysast at Tonning for ein del år tilbake var ein av landets beste friidrettsutøvarar i sprint og lengde, og han innehar fortsatt fleire klubbrekordar i Herkules og Gular.

 

- Vi har store ambisjonar for vidare vekst på Stord, og tilsetjinga av ein avdelingsleiar er eit viktig ledd i denne satsinga. Vi er svært tilfredse med at vi har lukkast med å få inn ein så velkvalifisert og dyktig person som Mats Tonning, seier Knut Førland, dagleg leiar i iDrift. Dette tek vi også som eit teikn på at iDrift vert sett på som ein attraktiv arbeidsplass.

 

- Eg gler meg veldig til å starta opp i iDrift, og familien gler seg til å flytta til Stord. Jobben i iDrift inneber at eg får høve til å kombinera bakgrunnen min innanfor IT med interessa mi for sal/marknadsføring på ein veldig god måte, seier Mats Tonning.

 

For meir informasjon kontakt:

Dagleg leiar Knut Førland, iDrift AS, mobil: 918 410 01.

Mats Tonning, mobil 934 187 17

 
 
 
  Tilbake

 
02.07.2010
God sommar!

Alle våre avdelingar vil vera opne i sommar, men bemanninga vil sjølvsagt vera redusert i sommarmånadene grunna ferieavvikling. Beredskapen vår utanom ordinær kontortid vil også bli oppretthalden i heile sommar. Vi ønskjer våre kundar og forretningskontaktar ein fin sommar!

10.06.2010
Stolt hovudsponsor for Stordfest 2010

Vi er stolt hovudsponsor for Stordfest 2010. Vi gler oss til helga 25.-28. juni!
Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14