(Stord, 21. januar 2010) iDrift AS er ei av dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet. Avdelinga på Stord har no inngått ein stor IT-avtale med Stord lufthamn.
Avtalen omfattar serverleige og all IT-drift i 3 år med opsjon på ytterlegare 2 år. – Vi er stolte over at Stord lufthamn har valt oss som sin framtidige IT-leverandør. Dette tek vi som ei stadfesting på at vi også har konkurransedyktige løysingar å tilby kundar med ekstraordinært høge krav til oppetid og teknisk support, både i og utanfor ordinær arbeidstid, seier Mats Tonning, avdelingsleiar for iDrift Stord.
– IT representerer ein viktig støttefunksjon for Stord lufthamn og vi har svært høge krav til tilgjengelighet, stabil drift og support. Etter ei nøye vurdering av desse krava falt valet til slutt på iDrift, som også hadde det lågaste anbodet, seier John Førland i Stord lufthamn.
iDrift vart etablert i 2001 og har hovudkontor på Husnes i Kvinnherad. Selskapet har 25 tilsette og avdelingskontor i Haugesund, på Os og Stord. Bedrifta er kåra til Gaselle-bedrift og er blant dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet. iDrift AS er den dominerande aktøren innanfor IT-tenester for små og mellomstore bedrifter mellom Haugesund og Bergen.
Om Stord Lufthamn
Stord lufthamn vart opna i 1985, og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S. Stord kommune eig 79% av aksjane i driftsselskapet og Hordaland fylkeskommune eig dei resterande 21%. Stord lufthamn tilbyr for tida 12 ruteavgangar og ankomstar pr. veke til /frå Gardermoen med Danish Air Transport – DAT. I tillegg er det periodevis stor charteraktivitet ved flyplassen.