Framsida Presse RSS Sidekart

Ny stor IT-avtale til iDrift

Klikk på bilete for full storleik
 
iDrift AS er ei av dei raskast veksande IT-bedriftene på Vestlandet, og har no inngått ein større IT-avtale med gassteknologi-bedrifta Liquiline i Bergen.
 
 
 
Avtalen med Liquiline omfattar serverleige og all IT-drift. I tillegg har selskapa inngått ein intensjonsavtale om samarbeid innanfor utvikling av styrings- og logistikksystem.
 
 
 
– Vi er stolte over at ei leiande teknologibedrift som Liquiline ønskjer å samarbeida med oss. Dette tek vi som ei stadfesting på at vi har konkurransedyktige løysingar å tilby også inn mot krevjande kundar i Bergen, seier Stig Atle Sunde, gründer og medeigar i iDrift. Avtalen med Liquiline har også ein annan spanande dimensjon ved at vi også skal bistå bedrifta når det gjeld utvikling av eit eigenutvikla web-basert styrings- og logistikksystem, opplyser Sunde. Han legg til at iDrift Os får hovudansvaret for den nye kunden.
 
 
 
– IT representerer ein viktig støttefunksjon i Liquiline og vi har svært høge krav når det gjeld tilgjengelighet, stabil drift og support. Etter ei nøye vurdering av fleire leverandørar falt valet på iDrift på grunn av deira fleksible IT-løysingar, høge kompetansenivå og effektive løysingar for fjerndrift, seier Dag K. Lilletvedt, adm. direktør i Liquiline. Samtidig er det viktig for oss å ha ein langsiktig samarbeidspartnar innanfor IT som også kan bidra aktivt til å utvikle dei tenestene vi tilbyr våre kundar.
 
 
 
For meir informasjon kontakt:
 
 
 
iDrift AS: Gründer og medeigar Stig Atle Sunde, mobil: 908 62242
Liquiline AS: Adm. direktør Dag K. Lilletvedt, telefon: 56 19 32 07 / 918 068 40.
 
 
 
  Tilbake

 
02.07.2010
God sommar!

Alle våre avdelingar vil vera opne i sommar, men bemanninga vil sjølvsagt vera redusert i sommarmånadene grunna ferieavvikling. Beredskapen vår utanom ordinær kontortid vil også bli oppretthalden i heile sommar. Vi ønskjer våre kundar og forretningskontaktar ein fin sommar!

10.06.2010
Stolt hovudsponsor for Stordfest 2010

Vi er stolt hovudsponsor for Stordfest 2010. Vi gler oss til helga 25.-28. juni!
Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14