iDrift Haugesund AS har inngått ein viktig avtale med ein av dei største verksemdene på Karmøy, Marine Aluminium
- Dette er strålande og det viser at vi er attraktive og konkurransedyktige, seier Stian Lauknes, avdelingsleiar i iDrift Haugesund i ei pressemelding
Avtalen omfattar totalansvaret for drift, støtte og vedlikehald av Marine Aluminium sine servarar på Stord og Karmøy.
– Dette er ein av de største avtalane iDrift nokon gong har inngått og representerer ein viktig milepæl for iDrift Haugesund, seier Lauknes. Det å få Marine Aluminium som kunde, er utruleg moro. Lauknes peikar på hardt arbeid, tett kundeoppfølging og svært gode produktløysingar som er avgjerande for å sikra nye avtalar i dagens utfordrande marknad.
Med hovudkontor på Husnes og avdelingar i Haugesund, Os og Stord er iDrift i stadig vekst. Med denne avtalen har iDrift styrkja posisjonen sin inn mot IT-marknaden for små og mellomstore bedrifter mellom Haugesund og Bergen.
Marine Aluminium er godt nøgd med å ha iDrift som sin nye IT-leverandør.
– IT representerer ein svært viktig støttefunksjon i Marine Aluminium, og vi har høge krav til tilgjengelegheit, fleksibilitet og støtte, seier Kenneth Storesund, IT sjef i Marine Aluminium. Valet fall på iDrift med bakgrunn i deira høge kompetansenivå og konkurransedyktige prisar, opplyser Storesund i pressemeldinga.