iDrift styrkjer no staben med fleire nye medarbeidarar.
Terje Røssland Nes (35) er tilsett i den nyoppretta stillinga som controller/økonomiansvarleg, og går inn i leiargruppa. Røssland Nes er i dag tilsett som avdelingsleiar i KS Rekneskap med ansvaret for avdelinga på Husnes. Han har høgskuleutdanning innanfor økonomi og administrasjon, med revisjon som spesialisering. Nes er busett på Husnes, og tiltrer stillinga i løpet av januar 2008.
Hans-Inge Eide (53) er tilsett som programmerar, og vil inngå i vårt utviklingsteam saman med Svein Arne Olderkjær og Tor Hveem. Eide har 30 års erfaring frå IT-bransjen, og har vore innom fleire av dei største IT-selskapa i landet. Han starta sin karriere i EDB Vestdata i 1976, og har dei to siste åra vore frilans systemutviklar med oppdrag for Avenir. Han har hatt ansvaret for fleire tunge systemutviklingsoppdrag innanfor bank og forsikring, mellom anna i DnB NOR og Nordea Liv. Eide er busett i Os, og vil ha sin daglege arbeidsplass ved avdelinga vår her. Han tiltrer stillinga 2. januar 2008.
Den nye funksjonen som controller/økonomiansvarleg og tilsetjinga av ein ny programmerar, er ledd i arbeidet med å styrkja organisasjonen vår. Vi er også snart i mål med tilsetjinga av to nye IT-konsulentar til høvesvis avdelinga i Os og på Stord. I ein stram arbeidsmarknad er det sjølvsagt ekstra hyggjeleg at vi har lukkast med å få inn to svært kompetente personar som Terje Røssland Nes og Hans-Inge Eide.