Framsida Presse RSS Sidekart

Jobbe i iDrift?

Klikk på bilete for full storleik
 
Karrieremuligheter i iDrift AS – Ledende totalleverandørene av IT-utstyr og tenester til små- og mellomstore bedrifter mellom Bergen og Stavanger.
 

Karriere i iDrift?

I iDrift har vi ei positiv haldning og respekt for kvarandre sine arbeidsoppgåver og deler med kollegaer kva me opplever i jobbsamanheng.

Dette er viktig for felles læring og erfaringsutveksling. Vi ventar stor grad av lagånd. Kulturen stiller store krav til å vera open og at ein ikkje tar seg sjølv for høgtidleg. Personlege egenskapar vil difor vera avgjerande for din karriere hos oss.

 

Dersom du ønsker ein karriere i iDrift må du vera førebudd på å visa kva du er god for. I eit ope miljø vert du raskt lagt merke til og dine prestasjonar vert evaluert kontinuerleg. Det er din innsats og ditt engasjement for verksemda og oppgåvene som avgjer kor langt du kjem.

 

Det er alltid krevande å starta i ny jobb enten ein kjem rett frå studie eller ein har vore i arbeidslivet nokre år. I iDrift gjer vi alt vi kan for at denne overgangen skal bli så positiv som mogleg. Følgjande moment legg til rette for trivsel, prestasjonar og karrieremoglegheiter:

   

  • Individuelt introduksjonsprogram som frå første dag gir deg eit oversyn over kva du skal gjennom av opplæring og trening den første tida.
  • Kursing i relevante produkt og interne verktøy.
  • Sosiale aktivitetar med god moglegheit å bli kjent med kollegaer også utanfor kontoret.

 

Stillingar i iDrift AS

Vi tar alltid imot opne søknadar frå engasterte og motiverte kandidatar. Om du har spørsmål er du velkommen til å kontakta dagleg leiar Knut Førland på telefonnummer 91 84 10 01 eller e-post knut@idrift.no.

 
 
 
 
  Tilbake

 
02.07.2010
God sommar!

Alle våre avdelingar vil vera opne i sommar, men bemanninga vil sjølvsagt vera redusert i sommarmånadene grunna ferieavvikling. Beredskapen vår utanom ordinær kontortid vil også bli oppretthalden i heile sommar. Vi ønskjer våre kundar og forretningskontaktar ein fin sommar!

10.06.2010
Stolt hovudsponsor for Stordfest 2010

Vi er stolt hovudsponsor for Stordfest 2010. Vi gler oss til helga 25.-28. juni!
Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14