Framsida Presse RSS Sidekart

Drift og support

Klikk på bilete for full storleik
Supportsenter
 
Kjernevirksomheten til iDrift er knytt til drift- og support av komplette IT løysingar.
Vi tilbyr alt frå periodisk kontroll av utstyr ute hos kunden til kontinuerling overvåking av alle kritiske komponentar og system, døgnet rundt.
 

Uavhengig av om iDrift eller andre har levert løysinga tilbyr vi alltid nye kundar full revisjon av oppsett og konfigurasjon for å sikre optimal drift og stabilitet, samt kontroll av sikkerheten rundt løysinga. Ofte set vi og opp fjernoppkopling for raskt å kunne yte hjelp ved problem.

 
Eigeutvikla overvakingssystem sjekkar tilstanden på alle serverar og relevant tenester ute hos kunden, og gir oss umiddelbart beskjed dersom noko skulle feile.  
 
Vi nyttar i utstrakt grad fjernoppkopling for overvåking og administrasjon av system ute hos kunden, noko som medfører svært kort responstid for kunden.

  

I lys av å vere ein total-leverandør kan vi ta ansvar for heile eller deler av kunden si løysing. T.d. vil ein kunne kontakt iDrift om eit kvart problem med uavhengig av program eller maskin ein har, dersom iDrift ikkje innehar kompetanse til å løyse problemet opptrer vi ofte som eit mellomledd mellom kunden og 3.parts leverandør og sørger for at problemet vert løyst.

Driftsavtale 

Vi tilbyr ulike nivå av driftsavtalar, men felles er at alle gir tilgang til iDrift sin breie kompetanse og support-apparat. Desse avtalane er basert på eit rammeverk vi har utvikla over lang tid, og har vist seg å vere svært hensiktsmessige både for iDrift og kunden.
 
I vår omfattande avtale (full driftsavtale) tek vi nærast utan unntak ansvar for alle aspekt ved kunden si løysing, herunder maskin- og programvare levert av andre – det er ganske enkelt iDrift sitt ”problem” at løysinga fungerer. Dette gir tilgang til alle overvakingssystem, fjernoppkopling, support-apparat m.m. For dette betalar kunden eit fast beløp, og då er tilnærma all support (og andre henvendelsar) inkludert. Prisen vert fastsatt basert på antall kontorplassar, kompleksiteten i løysingar, krav til oppetid og respons.
 
Vi tilbyr også ein enklare versjon av samme avtalen (backupavtale). Her tek vi ansvar for dagleg oppfølging av kunden si sikkerhetskopi-løysing, og dersom noko feilar gjer vi det som måtte vere nødvendig for å løyse problemet. Vi overvakar og kunden si antivirus-løysing, og avtalen gir naturlegvis tilgang til iDrift sitt support-apparat. Avtalen kan og utvidast til å inkludere døgnbemanna vakt-telefon.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Driftsenter
 
 
  Tilbake

 
02.07.2010
God sommar!

Alle våre avdelingar vil vera opne i sommar, men bemanninga vil sjølvsagt vera redusert i sommarmånadene grunna ferieavvikling. Beredskapen vår utanom ordinær kontortid vil også bli oppretthalden i heile sommar. Vi ønskjer våre kundar og forretningskontaktar ein fin sommar!

10.06.2010
Stolt hovudsponsor for Stordfest 2010

Vi er stolt hovudsponsor for Stordfest 2010. Vi gler oss til helga 25.-28. juni!
Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14