Mange bedrifter har tilsette som er mykje på farten og treng tilgang til IT-systema sjølv om dei ikkje er på kontoret. iDrift har sidan starten fokusert på å utvikle og tilpasse ulike mobile løysingar. Dette gjeld IT-løysingar som e-post på mobilen og kalendersynkronisering, så vel som telefoniløysing. Vi leverer også avansert VPN-teknologi for pålogging heimefrå eller på reise.