Framsida Presse RSS Sidekart

Server virtualisering

Klikk på bilete for full storleik
 

Virtualisering av servere går ut på at ein har ein fysisk server som gjerne er svært kraftig. På denne køyrer det spesiell programvare som gjer at inne i denne eine serveren kan det køyra fleire servere, skilde frå einannan, og desse virtuelle serverane får tildelt kvar sine tilmålte deler av ressursane som den store fysiske serveren har til rådvelde. Dei virtuelle serverane lever elles kvar sine liv, som om det var separate serverboksar som stod ved sida av einannan.

Fordelane med virtualisering er mange, men det viktigaste er:

  • Betre utnytting av maskinressursane.
  • Meir effektiv drift og administrasjon.
  • Mulighet for meir robuste og driftssikre løysingar

Virtualisering er eit gammalt prinsipp, særleg kjent frå stormaskiner. Det som har skjedd dei siste 5-10 åra, er at slik teknologi har blitt tilgjengeleg for vanlege PC-servere. I dei siste åra har dette vore ein svært sterk trend, no også blant mindre og mellomstore bedrifter.

Vårt konsept er å driva ein datasentral med kapasitet for mange titals virtuelle servere, leiga ut desse, og så drifta dei for kunden. Dette er ein måte å levera IT-tenester og IT-løysingar som har blitt ganske utbredt ute, og no er i ferd med å bli vanleg også i Noreg.

Kunden får altså eit antal servere tilgjengeleg hos oss, der installerer ein vanleg software og løysingar, og kunden aksesserer desse over nett, mykje som hjå ein ASP-leverandør. Gode backupløysingar er inkludert. Ein investerer i oppsett av løysinga, og innkjøp av software, og så betalar ein ei leige for serverane og kapasiteten som dei brukar, og ein betalar månadleg for drift av løysinga.

Ein kan seia at med ASP køyrer ein på delt, leigd programvare og delt, leigd maskinvare. Med virtuelle servere køyrer ein eigen programvare, men på delt, leigd maskinvare.

 
 
 
  Tilbake

 
02.07.2010
God sommar!

Alle våre avdelingar vil vera opne i sommar, men bemanninga vil sjølvsagt vera redusert i sommarmånadene grunna ferieavvikling. Beredskapen vår utanom ordinær kontortid vil også bli oppretthalden i heile sommar. Vi ønskjer våre kundar og forretningskontaktar ein fin sommar!

10.06.2010
Stolt hovudsponsor for Stordfest 2010

Vi er stolt hovudsponsor for Stordfest 2010. Vi gler oss til helga 25.-28. juni!
Få "Nytt frå iDrift"
Eit informasjonsbrev med tilbod og teknologi- og bransjenytt.


Registrer deg
Fjernhjelp
HP Norge
Husnes: 53 47 22 00 - Stord: 53 41 50 90 - Os: 56 30 39 30 - Haugesund: 52 71 35 00
Copyright © iDrift AS - Design: Carbon14